Stuaset-Holo Grunneigarlag

v/formann Jan-Erik Skutle, Skutlesvegen 264. 5700 VOSS

og

VELFORENINGEN FOR STUASET HYTTEOMRÅDE

Slettenneset 105, 5258 Blomsterdalen, org.nr. 993133833     STIFTET MAI 1977

www.stuaset.no

 

 

Ordføraren i Voss

Og Gruppeleiarane for dei politiske partia 

5700 VOSS                                                                                         26.11.2009

 

 

Vedr. RV 13 Bompengar og bomstasjon  Voss-Øvre Granvin ,

 

Me viser til brevet vårt til Vegdirektoratet dagsett 15. november som du skal ha motteke kopi av frå postmottaket i Voss Kommune.

 

Samandrag

Med den løysinga som Statens vegvesen og bompengeselskapet no har planar om, vil

alle eigedomar som nyttar den kommunale vegen -”Bulkovegen” i praksis måtta betala doble bompengar. Heile området Stuaset-Bulko-Grønlid-Burset-Holo- Skamdalsstølane-Horgaset  ligg i Voss kommune. Me helsar Vossapakko velkomen, men har fremma følgjande krav til Vegdirektoratet og bomselskapet:

 

NEI TIL DOBLE BOMPENGAR

og

BOMPENGEFRITT INNAN VOSS

 

Grunngjeving

Avkøyrselen frå RV 13, ”Bulkovegen” ligg så vidt innanfor kommunegrensa til Granvin. Vegen fører til eit område som er ein del av Voss kommune. Her er det støls-, beite- og skogsdrift i tillegg til ca 150 fritidseigedomar.

 

Gardane Bulko, Grønlid og Burset skal gjevast fritak for bompengebetaling.

På Bulko bur det 2 huslydar, medan det på Grønlid og Burset ikkje har vore fast busetnad på meir enn 30 år!

 

Fritak etter 1-timesregelen vil i praksis ikkje slå inn her. Alle gjeremål inkl. tur til kommunesenteret vil ta lenger tid. (dvs 2x kr. 38 for lette og 2x kr. 75 tunge køyrety).

Skal ein :

  • til kommunesenteret på Vangen
  • til stølane 
  • ha tilsyn til beitedyr
  • ha drift og tilsyn av eigedomane
  • til dei ca 150 fritidshusa
  • til Vossevangen for å handle – butikkane langs RV 13 er no nedlagde
  • gjera handlestopp på Vossevangen,

så vert køyrande frå Bergen straffa med dobbel betaling – sjå 1-timesregelen

  • til fritidsaktivitetar i kommunen som skitrekk og golfbane
  • på konsert, kino eller andre kulturtilstellingar

 

Ein av hytteeigarane som bur i Voss har rekna ut at dei vil få ei bompengerekning på om lag kr 6000 årleg med den same bruken som no! Dette kan då aldri vera rett!

 

Dette kan enkelt løysast dersom bomstasjonen vert flytta 100-200 meter og blir lagd på kommunegrensa mellom Voss og Granvin. Ei anna løysing kan vera at alle som har eigendomar i området får fritak for betaling av bompengar på denne bomstasjonen.

 

Me bed om at saka vert teken opp i dei politiske organa i kommunen og at det vert fatta eit vedtak som gjev pålegg til vegstell og bomselskap om å finna ei løysing som fører til at denne utilsikta verknaden for dei det gjeld, fell bort!

 

Dersom planane vert førte ut i livet, vil taparane vera alle med eigedomar i området. Likeeins vil dette ha negative følgjer for næringsliv, turisme og friluftfolk i Voss. Området er mykje nytta både sumar og vinterstid.

 

Det heiter seg at vegstell og bompengeselskap skal ta omsyn til lokale tilhøve!

Då må dei få eit klårt signal!

 

 

 

Med helsing

 

Stuaset-Holo Grunneigarlag               Velforeningen for Stuaset Hytteområde

 

     Jan-Erik Skutle (sign)                                   Arne T. Faannessen (sign)

     Formann                                                      styreformann

 

 

 

 

 

Kopi: Voss og omland bompengeselskap AS

            v/styreleiar Torill Eidsheim