Stuaset-Holo Grunneigaralag

v/formann Jan-Erik Skutle, Skutlesvegen 264

5700 VOSS

og

VELFORENINGEN FOR STUASET HYTTEOMRÅDE

Slettenneset 105, 5258 blomsterdalen

Org.nr. 993133833     STIFTET MAI 1977

 

Til Gruppeleiarane for

dei politiske partia i Voss kommunestyre               

27.04.2010

 

Vossapakko -Bomstasjon ved Svegane og bompengar ved køyring til/frå Voss kommunesenter og frå/til Bulkovegen i Voss.

 

Fylkesutvalet i Hordaland fylkeskommune har i møte 22.04.2010 tilrådd satsane for bompengar. Passering av bomstasjonane vert kr. 40 for personbilar kvar gong. Det vil verta gjeve fritak for passeringar innan 1-time, og det er gjort framlegg om fritak for fastbuande på Verpelstad, Bulko, Grønlid og Burset. På Grønlid og Burset har det ikkje vore fastbuande på meir enn 30 år! Dei aller fleste grunneigarane bur andre stader i Voss kommune.

”Stuaset-Holo Grunneigarlag” og ”Velforeningen for Stuaset hytteområde” har gjennom fleire felles skriv og utsegner peika på at ei plassering og innkrevjing som det er lagt opp til, vil få som konsekvens at innanbygds trafikk i Voss i praksis må betala doble bompengar.  Dette meiner me ikkje var intensjonane då ein gjorde framlegg om bompengeløysinga.

Fleirtalet av hytteeigarane er busette utanfor Voss og vil –sjølvsagt – betala bompengar ved køyring inn/ut av Voss. Ein del hytteigarar er busette i Voss, og frå ein av desse har me fått opplyst at den løysinga det er gjort framlegg om, vil gje dei ei meirutgift på ca kr. 6.000 årleg ved same bruk som dei har hatt siste år!

Når Fylkesutvalet skulle gje si tilråding om bompengesatsane, kom spørsmålet om plassering av bomstasjonane opp i kjølvatnet. Utvalet valde då å tilrå at stasjonen ved Verpelstad vert flytta. Grunngjevinga var omsynet til næringsverksemd på Verpelstad gard.

Då hytteområdet på Stuaset-Holo vart godkjent av kommunestyret i Voss på 70-talet, var eit av argumenta at dette kunne verta ei viktig tilleggsinntekt for grunneigarane. Dette har vist seg å slå til. I tillegg til bygslingsinntektene har grunneigarane etter kvart opparbeidt ei omfattande verksemd knytt til hogst og sal av ved, transportverksemd – spesielt i vinterhalvåret - og til byggje- og vedlikehaldsoppdrag. Drift og tilsyn av stølar og beitedyr inngår i verksemda til grunneigarane.

Hyttefolket er store brukarar av handels-, fritids- og  kulturtilbodet i Voss kommune. Ein ekstraskatt på køyring til/frå kommunesenteret vil ikkje verka positivt på desse aktivitetane. Med den utviklinga me har sett med omsyn til mangfald, opningstider og kvalitet i dei tilboda service- og varehandelen på Vossevangen har hatt, vert no ein langt større del enn tidlegare av hyttefolket sine innkjøp lagd til Voss. Bompengar innanfor kommunen og 1-timesregelen vil verka negativt inn her. Me må til Palmafossen/Vangen for å gjere handel – og det tek tid.

Desse elementa er etter vårt skjøn også ”næringsverksemd” og burde gje grunnlag for at ein i det minste finn fram til ei fritaksløysing dersom bomstasjonen ikkje kan flyttast dei få meterane det er tale om. ”Destinasjon Voss” har gjeve sin stønad til vårt syn. Det same har ”Norges hytteforbund”.

Det har for oss – som lekfolk – vore umogleg å få innsyn i saksbehandlingsprosess og ansvarstilhøve. Dette ”smuldrar” opp mellom alle dei involverte: bompengeselskapet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Hordaland fylkeskommune, Samferdselsdepartementet. Vi får ikkje svar!

Det var difor med stor glede me registrerte at Voss formannskap i møtet 13. januar i år gjorde vedtak som gav støtte til vårt syn! I ettertid har mefrå fleire, m.a. frå medlemer av Stortinget sin komité for samferdsel og kommunikasjon fått som tilråding at Voss kommunestyre bør fatta eit liknande vedtak som så kan sendast Vegdirektoratet, Samferdselsdepartementet og Stortinget.

Me bed om at saka vert teken opp til handsaming i Voss kommunestyre så snart som mogleg, og at det vert gjort eit vedtak der ein viser til vedtaket i formannskapet og der ein bed om at det vert gjeve fritak for bompengar for alle med eigedomar i denne delen av Voss kommune, dersom bomstasjonen ikkje kan omplasserast.

 

Med venleg helsing

 

 

Jan-Erik Skutle (sign)                                              Arne T. Faannessen (sign)

Formann i Stuaset-Holo Grunneigarlag                Styreformann

Velforeningen for Stuaset Hytteområde