Dette innlegget sto i Hordaland 25.03.2010 (s.8):

Ope brev til kommunestyret

 

Dette er eit ope brev til kommunestyret på Voss.

Fyrst det personlege: Eg har hatt eit nært og omfattande hopehav med vossingar i over 50 år, eg har hatt hytte på Voss i over 30 år, og eg betalar eigedomsskatt til Voss kommune. (Og av lokalpatriotiske grunnar fyller eg tanken på Vangen, jamvel om prisen er lågare andre stader.) Slikt sett skulle rullebladet vera i orden.

Så det prinsipielle: Med Vossapakko og omlegginga av vegen ved Skjervet må eg heretter betala bomavgift for å køyra på kommunal veg til hytta som ligg i Voss kommune. Grunnen er at avkøyringa så vidt ligg innom Granvin herad og at planleggjarane vil leggja bomstasjonen slik at me må passera bommen når me køyrer frå Vangen til Bulko, innom Voss kommune.

Dette er ei prinsipiell sak: Dei fastbuande skattebetalarane har fått fritak, men hytteeigarane og grunneigarane, som også betalar skatt til Voss kommune, har ikkje fått fritak.

Voss kommune kan ikkje sjølv gje eit slikt fritak. Men kommunen pliktar å handsama alle som betalar skatt til kommunen på ein ansvarleg måte. Eg vil difor be kommunestyret om å senda ei oppmoding til rette vedkomande om å gje fritak for dei nemnde gruppene.

For å letta arbeidet legg eg inn eit utkast til brev:

 

Til:

Vegvesenet, Vegdirektoratet, Hordaland fylkeskommune, Samferdselsdepartementet, Finansdepartement, Stortingets komité for samferdsel og kommunikasjon

(stryk det som ikkje passar)

 

Kommunestyret i Voss kommune vil med dette oppmoda …. om å gje same fritak for bomavgift til grunneigarar og hytteeigarar i Bulko-Stuaset-Holo som det fritaket som tidlegare er gjeve til fastbuande på Bulko.

 

Med helsing

 

Voss kommunestyret.

 

Eg vil på førehand takka for bryet,

med venleg helsing

Gunnar Skirbekk