Årsmøte i Skamdalsvegen vart helde 1.4.2011.

Ut av styret gjekk: Knut magne Bjørnestad

Det nye styret er:

Formann: Ingrid Skutle

Styremedlem: Jan Erik Skutle

Styremedlem: Torstein Herre

Årsmøtet vedtok desse sakene:

  1. Vegen vil i år bli åta med Oddakalk etter påske.  Dette vil vi prøve i år.  Vi vil sjå om vegen tørkar før opp slik at vi kan køyra tidlegare på han.
  2. Årsmøtet bestemte seg for å kjøpa inn ein bom som vi plasserar nær vinterparkeringsplassen.  Dette for at vi lett kan stengja vegen om våren før han er køyrbar.  Då slepp me unna ein del vedlikehald.
  3. Nokre stikkrenner blir ordna på.  Litt grøfterens blir utført.  Grusing etter behov.
  4. Årsmøtet 2010 bestemte seg at summen for sommer- og vintervedlikehald skal vere kr 1000,- til saman.  dette vil me ikkje endra på.  Me ynskjer at dei som ikkje har betalt i fjor gjer opp for seg så fort som muleg.  Dei nye innbetalingsblankettane for vedlikehaldsavgifta blir sende ut i mai måned.
  5. Alle hytteeigarar må huske å leggja parkeringsbevis godt synleg i bilen i påska 2011.

God påske!

Helsing Ingrid

mobil: 97067917

email: ingridskutle@hotmail.com