Pressemelding frå Hardanger Energi AS

 

Hardanger Energi reduserar utbyggingsplanen

Styret i Hardanger Energi AS vedtok i går å leggja vekk planane for overføring av vatn frå Grønlivatn og Langesetevatn.  Hovudårsaka til denne avgjerda er at me vurderar sjansane for å få konsesjon til å vera veldig små.

Hardanger Energi AS har eit års tid arbeidd med eit skisseprosjekt som mellom anna omfatta overføring av vatn frå Grønlivatn og Langesetvatnet i Voss kommune til Folkedal i Granvin herad.  «Konklusjonen frå arbeidet så langt har vore at det er eit økonomisk godt prosjekt, men ut frå korleis me tolkar signala frå styresmaktene er det små sjansar for at dette prosjektet vil få konsesjon», seier dagleg leiar i Hardanger Energi, Harald Sandvik.  Dette heng spesielt saman med vernet av Granvinvassdraget og korleis  prosjektet er plassert i «Samla plan».

Ein annan del av skisseplanen er å overføra vatn frå Kvanndalsvassdraget til Folkedal og likeins ei mindre utbygging nedst i Folkedal. Desse planane vil Hardanger Energi AS arbeida vidare med.

 

 

Kinsarvik, 01.11.2013

Harald Sandvik
-dagleg leiar-

Telefon 915 73 408