Årsmelding
Styret har hatt 2 møter + nokre telefonmøter. Me hadde dugnad i Kolbeinsbrekko der me la knust asfalt for ca 13700 kr. Mange medlemmer var med på dugnad. Spesielt Leif Gjelland gjorde mykje godt arbeid, han sytte også for at me hadde lastebil å køyra asfalten med. Det var elles ein hard vinter med fleire frosne stikkrenner. Hardanger Energi hadde planar om å overføra vatn frå Grønlivatnet og Langesetvatnet til Folkedal. Me engasjerte oss mot desse planane, og deltok på møter angående saka. Hardanger Energi vedtok hausten 2013 å leggja vekk desse planane.
Styret |