Arkiv : stuasetholo/reguleringsføresegner 01.09.2008
JAN ERIK SKUTLE M.FL. :
REGULERINGSPLAN FOR HYTTEFELT STUASET-HOLO
DEL AV GNR. 177, 178, 179, 185 OG 186 I VOSS KOMMUNE
Reguleringsføresegner i tilknyting til plan utarbeidd av Arkitektbruket ans, datert 15.09.2006,
sist revidert 01.09.2008.
1. Generelt :
1.1 Det regulerte området er vist på planen med reguleringsgrense.
1.2 Planområdet skal nyttast til fylgjande føremål :
· Byggjeområde for fritidsbustader etter PBL § 25, 1. ledd nr. 1
· Landbruksområde for stølsdrift etter PBL § 25, 1. ledd nr. 2
· Fareområde høgspentline etter PBL § 25, 1. ledd nr. 5
· Spesialområde etter PBL § 25, 1. ledd nr. 6 :
Friluftsområde på land
Friluftsområde i vatn
Bevaring av bygningar og anlegg
· Fellesområde etter PBL §25, 1. ledd nr. 7
Felles tilkomstvegar og parkering
Felles gangveg og skutertrasé
2. Felles føresegner :
2.1 Kommunen kan, når særlege grunnar talar for dette, tillata mindre endringar i reguleringsplanen og føresegnene.
2.2 Etter at planen med føresegner er stadfesta, er det ikkje høve til å gjennomføra private
servitutt som er i strid med planen eller føresegnene.
2.3 Byggjeavfall skal leverast til godkjend avfallsdeponi.
3. Byggjeområde for fritidsbustader :
3.1 Planområdet inneheld i alt 136 hyttetomter. På kvar av desse kan det førast opp éin
frittliggjande fritidsbustad. Samla bebygd areal (BYA) pr. tomt er sett til 100 m2. Bygning skal oppførast i éin etasje. Største mønehøgd vert sett til 6 meter.
Det er ikkje tillete å føra opp nye uthus.
3.2 På hyttetomtene som er definerte av ein sirkel med radius 18 meter, skal hytta plasserast slik at avstanden mellom hyttehjørne og sirkellinja vert 4 meter eller meir. For dei andre
hyttetomtene skal hyttene plasserast slik at minsteavstand mellom bygning og tomte-grense er 4 meter. Endeleg plassering av hytte skal samordnast med nabohytter og med best mogeleg terrengtilpassing.
3.3 Generelt skal nye hytter ha saltak eller samansett saltak med takvinkel mellom 30 og 40 grader. Det skal ikkje nyttast taktekking av blanke eller reflekterande materialar.
Hytte og terreng skal tilpassast, slik at største synlege grunnmurshøgd vert 1 meter. Ved val av fargar på tak og veggar, skal det leggjast vekt på tilpassing til omkringliggjande natur.
3.4 Vassanlegg og avlaupsanlegg skal planleggjast av konsulentar med godkjenning i tiltaksklasse 2 i fylgje Statens bygningstekniske etat.
3.5 Oppsetting av gjerde, balkongar og flaggstenger er ikkje tillete.
Pr. hytte kan det setjast opp éi utvendig parabolantenne. Maksimal diameter er 70 cm, og antenna skal festast på hytteveggen. Fargen skal vera avstemt mot veggfarge.
3.6 Utgraving av hyttetomtene kan gjerast med gravemaskin. Framføring av slike maskiner i
hyttefeltet skal utførast etter søknad til Voss kommune i samsvar med lov om motorisert
ferdsle i utmark. Framføringstrasé skal påvisast av grunneigarane. Sår i terrenget som
fylgje av framføring av maskiner, skal utbetrast.
Transport av materialar utanom veg kan utførast med snøskuter på vinterføre eller ved
hjelp av helikopter. Traktortransport vil ikkje verta tillete.
3.7 I fylgje kart frå NGU kan tomtene B3, B4, B7, B8, B10, B11, B13, B14, B15, B16, B17,
B23, B25, B119 og B120 vera utsette for skredfare. Søknad om tiltak på desse eigedo-
mane skal fylgjast av ei sakkunnig vurdering av rasfaren
4. Landbruksområde for stølsdrift :
I områda kan det berre førast opp bygningar som har tilknyting til stølsdrift. På Stuaset
( J3) er det krav om utbyggingsplan (”bebyggelsesplan”) ved framtidige tiltak.
5. Fareområde :
Området skal nyttast til framføring av høgspentanlegg. Det er ikkje tillete å oppføra
bygningar i fareområdet.
6. Spesialområde :
6.1 Spesialområde friluftsområde på land :
Arealet mellom hyttetomtene skal nyttast som friluftsområde for ålmenta og til beite.
Det er ikkje tillete å oppføra bygg og anlegg, anna enn installasjonar som har med felles
straumforsyning og felles renovasjon.
Nausta langs utløpet til Grønlivatnet kan haldast vedlike, men det er ikkje tillete å føra
opp nye naust.
Friluftsområda skal elles nyttast som tilkomst til hyttetomtene. Det kan lagast til
gangstiar. Trasear for desse skal fastleggjast av grunneigarane.
Om transport i byggjetida : Sjå punkt 3.6
Langs Veg 2, på strekninga mellom kryss med Veg 3 og byggjeområde B115, kan
hytteeigarar parkera på sine private opparbeidde einskildparkeringsplassar.
6.2 Spesialområde friluftsområde i vatn :
Tjørner og vatn innafor planområdet skal nyttast til friluftsaktivitetar som roing, bading og fiske. Motorisert ferdsle er ikkje tillete.
6.3 Spesialområde bevaring av bygningar og anlegg :
Før iverksetting av tiltak i stølsområdet på Stuaset ( J3) er det krav om utbyggingsplan (”bebyggelsesplan”).
7. Fellesområde tilkomstvegar og parkering :
Tilkomstveg (Veg 1) frå Bulko opp til Parkering 1 på Madshaugen er felles for alle
grunneigarane og hytteeigarane i planområdet.
Veg 2 frå Parkering 1 inn til endepunktet sør for Grønlivatnet, er felles transportveg for grunneigarane og dei hyttene som naturleg soknar til denne vegen.
For Veg 3, Veg 4 og Veg 5 gjeld tilsvarande som for Veg 2. Veg 5 skal stengjast med bom ved avkøyrsla frå Veg 2.
Veg 5 er planlagd med breidd på 1,2 meter, som er lik det innteikna vegarealet. Skulder på begge sider, grøfter og skjeringar/ fyllingar inngår i tilgrensande friluftsareal. Terreng som vert berørt av vegbygginga, skal stellast i stand og plantast til med stadeigen vegetasjon etter at vegen er opparbeidd.
Parkering på møteplassar, snuplassar eller andre stader langs vegane er ikkje tillete, med unntak for det som er skreve i siste avsnitt i punkt 6.1.
Tilkomstvegane som ligg ovafor Parkering 1 skal ikkje brøytast.
Parkeringsplass1 på Madshaugen med 250 biloppstillingsplassar er felles for alle hytte-
eigedomane i planområdet. På plassen kan det førast opp bosbu.
Bilplassane på Parkering 2 til Parkering 6 skal tildelast av grunneigarene og velfore-ninga.
Voss den 15.09.2006
Arkitektbruket ans
Ingebrigt Nesheim
Revidert 19.02.2007 : Jfr. brev til Voss kommune dat. 19.02.2007 (= Vedlegg 8)
Revidert 26.06.2008 : Kjeatjørnvegen (=Veg 5), jfr. Vedlegg 9.
Revidert 01.09.2008 : Oppretting etter at Fylkesmannen trekte motsegn (Vedlegg 10)