Destinasjon Voss

Pb 300, 5703 VOSS

Tlf 40617700

www.Visitvoss.no post@visitvoss.no

Statens vegvesen, Region Vest

Askedalen 4

6863 LEIKANGER

Styret i bompengeselskapet v/Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik

Voss kommune

5700 VOSS

Voss, 21.03.09

BOMSTASJON PÅ RIKSVEG 13 VOSS/GRANVIN

Visar til planar om plassering av bomstasjon på riksveg 13 i området Voss/Granvin. I fylgje

Lars Magnar Røneid, prosjektleiar for gjennomføringa av Vossapakko, er plassering fastsett

på ein slik måte at trafikk frå vossasida til hyttene ved Stuaset-Holo vil passera forbi

bomstasjonen. (Artikkel i Avisa-Hordaland publisert 19.03.09). Det vil verta gjeve eit

generelt fritak frå bompengane for dei som er fastbuande på staden, og ein vil kunne gje andre

grupper spesielle ordningar.

Det er ei rekke hytter i det aktuelle området. Hyttefolk representerar ei viktig kundegruppe

for næringslivet på Voss, til dømes handel og reiseliv/opplevingar. Det er viktig at denne

kundegruppa vert vurdert som ”innanbygds” når ein lagar retningsliner for

bompengeinnkrevjing. I 2007 gjorde Transportøkonomisk Institutt ei undersøking om

økonomisk betydning av reiselivet på Voss, inkludert hyttebuarar. Samla turistrelatert

omsetning på Voss i 2007 var i overkant av 700 millionar kroner. Av dette var omlag 400

millionar kroner direkte inntekter til reiselivsnæringa, og omlag 300 millionar til

detaljhandelen. Dette er nærare 30% av den totale omsetninga i detaljhandelen på Voss i

2007. Sjølv om hyttebuarane ikkje legg igjen pengar på overnatting, er dei viktige brukarar

av opplevingstilbod og mat, samt handel generelt.

På vegne av verksemder som arbeider med reiseliv og handel på Voss, ber Destinasjon Voss

om at hytteeigarar som har hytte på Voss, og som må passere bomstasjonen på vegen frå

denne hytta til handels- og turistsenter på Voss, vert vurdert som fastbuande på staden, og får

fritak frå bompengar.

Beste helsing

Destinasjon Voss

Anne Grethe Bakke

Dagleg leiar

Tlf 95787590