Protokoll frå årsmøtet

i  Velforeininga for Stuaset Hytteområde

 

Møtestad: Slåtthaug v.g. skole

Dato: 10. mars 2009

 

Frammøte: 27 ”hytter”

 

Utsend dagsorden:

1)      årsmelding

2)      rekneskap

3)      val

4)      innkomne saker

 

Formann, Arne T. Faannessen, var møteleiar.

Gunnar Skirbekk referent.

Oddbjørn Gjøstein Dahle og Per Bolstad vart valde til å underskrive protokollen.

 

 

Før første punkt på den utsende dagsorden: gjennomgang av brannvern for hyttene, ved representant for brannvesenet i Bergen.

Styret vil kontakte brannvernbedrifter på Voss med tanke på kollektive avtalar for service og kjøp av brannsløkkingsapparat.

 

 

1)      Årsmelding

 

Rekneskapsførar: Laila Magnesen har fungert som rekneskapsførar.

 

Reguleringsplan for Hyttefeltet Stuaset-Holo II: Planen er vedteken.

 

Bulkovegen: Styret har ved brev til Voss Kommune takka for det sikringsarbeidet som er utført, samtidig som styret har vist til at det er behov for ytterlegare sikring i nedre del av vegen.

 

RV 13 reguleringsplan – plassering av bompengebom: På grunn av Vossapakko vil arbeide kunne starte opp allereie til hausten 2009. Styret vil i samarbeid med fastbuande og grunneigarane på nytt ta kontakt med vegvesenet og politikarane på Voss for å få bompengebommen plassert slik at vi som bruker Bulko-vegen ikkje må betale for ny innkøyring til Voss kommune.

Etter framlegg frå årsmøtet vil styret dessutan ta kontakt for å sikre tilgang til vegen under bygginga av ny tunnel.

 

Påskerennet: Det er behov for nye krefter for å ta over stafetten etter dei mangeårige ankerpersonane for dette arrangementet, Rolf Herland og Gunnar Alsaker. Det er samtidig behov for å korte ned på tidsramma for arrangementet.

 

Løypekøyring: Styret følgjer opp saka i forkant av påskeferien, med køyring til Olastøl og i retning av Helgaset.

 

Orienteringskart: Til utdeling for frammøtte. Gratis henting i påske, etter den tid kan interesserte kjøpe kartet for kr. 30,-.

 

Registrering i Brønnøysund-registra: Dette er utført.

 

Regulering av festeavgift: Formannen har fått melding om at saka av juridiske grunnar ikkje vil bli følgd opp. Styret avventar skriftleg melding om dette.

 

Norsk Hytteforbund: Styret har meldt foreininga inn i Norsk Hytteforbund.

 

Kraftleidning Voss-Granvin: Styret har ved brev av 30. mai 2008 gjort framlegg om endringar i planane om oppgradert høgspentlinje. BKK har dessverre ikkje gått inn på desse framlegga.

 

Heimeside på internett: Vårt internett-domene er www.stuaset.no. Hege Lindqvist står for oppdatering. Det var tilslutning til eit framlegg om at oppdraget som webansvarleg blir delt mellom to personar. Styret har det overordna ansvar for retningslinjene.

 

 

 

2)      Rekneskap

 

Revisor Tor Schumann Olsen gjennomgjekk utsend rekneskap.

 

 

            Årsmelding, og rekneskap med revisors kommentarar, vart deretter godkjende.

 

 

3)      Val

 

Valkomiteen ved Kari Herland og Arne G. Jansen gjorde framlegg om Hege Lindqvist og Gunnar Skirbekk blir sitjande i styret i ein ny toårsperiode. Framlegget vart godkjent.

 

 

4)      Innkomne saker

 

(i)                  Styret viste til problem ved at bygningsavfall blir lagt igjen i bossbuene. Styret har ved brev av 4. mars vist til behovet for renovering av buene. Det vart vist til behovet for betre reinhald i buene.

(ii)                Styret viste til behovet for ei ordning av framandparkeringa på vinterparkeringsplassen. Grunneigarane og vegstyret vil bli kontakta.

(iii)               Styret har ikkje fått tilbakemelding frå vegstyret, om saker og rekneskap. Det vart spesielt vist til aukande rasfare på vegstykket langs Grønlivatnet. Vegstyret vil bli kontakta.

 

Protokollen er signert ved

 

 

Odd Gjøstein Dahle         og          Per Bolstad