Referat frå årsmøte i Skamdalsvegen, 25. mars 09

 

Det møtt 7 pers. frå grunneigarane og underteikna. Diverre møtte ingen av grunneigarane frå Stuaset- Holo.

 

Det vart lagt fram årsmelding for 2007 – 08, då det ikkje var helde årsmøte i 2008. Rekneskap og balansekonto.

 

1                   Val av skrivar var Lars Gjelland.

 

2                   Innkalling til møte og Årsmelding vart gjennomgått, med merknad om at Velforreningen ikkje var innkalla.

 

3                   Omlegging av Stølsvegen til Byrset  slik at ein kjem opp med dyrebil.

Det er snakk om ca 170 m ny veg for og unngå den bratte stigninga. Formannen tek kontakt med Voss Kommune om løyve og søknad om utbetringsmidlar frå Stat og kommune.

 

4                   Vedlikehald sommar og vinter:

Det vart vedteke og heva vedlikehaldsutgiftene med kr. 100,-

Grunngivinga var økte brøytekostnader og at Velforreningen forlanga strøing på vinterparkering. Til dette var det kjøpt inn ekstra strømaskin.

I fjor var det innbetalt kr. 51 200,- til vintervedlikehald, mens kostnaden var på kr. 69 000,-

Det er Kåre Hovda som har ansvaret for brøyting og strøing til kvar tid.

 

5                   Gjennomgang av rekneskap ved formann Ragnhild Græe.

De kom nokre få merknader til føringa av rekneskapen. Den synes lite oversiktleg, litt vanskeleg og forstå.

Rekneskapen vart godkjent med at formannen skulle ta kontakt med

Visma rekneskapsbyrå som fører rekneskap, for og retta på føringa.

Rekneskapstala ser ut til og stemma

Det er ikkje revisjon av rekneskapen.

 

Rekneskapen syner eit driftsoverskot på kr. 26 493,- mot ei underskot i fjor på kr. – 74605,62

 

Balanse, eigenkapital og gjeld syner eit overskot på kr. 221 831,15

 

6                   Val. Desse vart valde til nytt vegstyre: Knut Magne Bjørnstad,

Torstein Herre og Jan Erik Skutle, Styre vel formann på neste møte.

 

7                   Ymse: Skamdalsvegen skal ryddast for træ busker og kratt i ein breidde av ca. 2 m på kvar side. Her er det anledning for hytteeigarane til og vera med om det er nokon som ynskjer det, mot og få veden.

 

Det er bed om utbetring av dei krappe svingane ved hytta til Inge Lærøy, og Jon Arvid Himle. Desse svingane er svært uoversiktleg og ein fare både for folk og dyr. Dette er relativt små inngrep, og massane kan brukast til og utbetring av møteplassar.

 

Parkering i Påsken. Styre set opp markering onsdag før Palmehelga. Dei tek på seg organisering av parkeringa fredag ettermiddag 3. april, laurdag 4. april og onsdag 8. april. Dette og inngår i hevinga av vedlikehald

 

Parker fornuftig, passande rom mellom bilane, set bilane på tvers, ikkje på langs, start oppe og parker nedover

 

 

 

God Påske

 

Beste helsing

Birger Hellesnes